Lasse Feldtblad var på veg til Stavanger for over to år sidan
og stoppa tilfeldig på Dalen ein septemberkveld. Han tok inn
på Dalen hotel og vart heilt overvelda av staden. Han fekk høyre
om Telemarkskanalen og om Dalen som endestasjon. Dermed var ein
ide fødd: Han ville samle dei svenske kyrkjebåtane og ro heile
kanalen.
Det tok to år med planlegging og mange skjær i sjøen før dei
kunne dyppe årane i norsk vatn. Men i går kom dei til Dalan alle
saman. Alle svenskane vi snakka med var samd i at Telemarkskanalen
blei bare vakrare og vakrare jo lenger opp ein kom. |
 |
| Ikkje langt unna Dalen |
 |
| Svensk armada |
 |
| Mykje folk var møtt fram for å ynskje svenskane
velkomen |
 |
| Endeleg framme |
 |
| Norske og svenske spelemenn spela for kvarandre. |
 |
| Mykje flott musikk |
 |
| Takk for i dag |
| |