Til framsida
Meir info om marken:
www.dalsmarken.net
DnBNOR
Dalsmarken 2005.
Ildsjelar i Dalsmarken: Arne Gjerlid, Nora Vinjerui, Håvard Holstå og Randi Eikåsen.


Dalsmarken 2005 satsar på eit betre produkt med fleire opplevingar, betre underhaldning, større og fleire utstillarar – og vonleg: betre ver.
Fredag 24. og laurdag 25. Juni bør du setje av til å vere marking på Dalen.

Fredag
klokka 1600 vert det offisiell opning av ein stor TV-kjendis: Halvard Flatland på torget, før Drangedal Bortforklaring gjev gratisunderhaldning. Dette må du få med deg.

Buine har opent frå klokka 1000 til klokka 2000.

Utstillarar og tivoli held open heile dagen.

Klokka 2000 braker det laus på Bryggja med E-76. Her vert det dans og moro. Kanskje finn du ny kjærast denne kvelden.

Laurdag

Klokka 1200 vert det gratisunderhaldning for borna med Timjan på torget.

Klokka 1300 spelar Jon Solberg Bygdabilly Band på torget. Dette bandet lagar stor stemning og dreg opp festfaktoren til laurdagskvelden.

Etter ein kort pause klokka 1345 held Bygdabilly-bandet fram klokka 1415.

Klokka 1700 trekker me årets utlodding: båt med tilhengar og motor. Kven kan dra i gang motoren og nyte Telemarkskanalen i sumar? Eg vonar det vert meg eller deg.

Buine og utstillarane/ salsbuene er opne heile dagen frå klokka 1000.

Klokka 2000 vert det ny sjanse på Bryggja med Vestlandsfanden.

Tokke husflidslag og Mo/ Skafså Bygdekvinnelag stiller ut tepper og bunader.

Fotoutstilling om Tokke-utbygginga.

Matsal fleire plassar på Dalen.

Direkte-radio ved Vest-Telemark Radio over heile øvre Telemark.

EG VIL TIL DALEN – KJEM DU ?

 
Til framsida