Vårprogram 2010
18.januar – Medlemsmøte.
Knivkveld. Jon Barstad kjem og demonstrerer og snakkar litt om
knivverksemnda si og syner fram ein del av produkta sine.
15.februar - Årsmøte.
Nora Vinjerui snakkar om sylvsmedverksemnda si, syner fram noko
av arbeidet sitt og lærer oss om stell av sylv.
15.mars - Medlemsmøte.
Påskeaktivitet v/Åse og Anne Lise.
18.april - Medlemsmøte.
Broderi: hardangersaum og uttrekkssaum. Åse.
10.mai - Medlemsmøte.
Bryllaupstradisjonar, v/Hilleborg Romtveit.
7.juni - Vårdugnad på Husflidshuset.
Møta byrjar kl. 19.00 på Husflidshuset.
Lappeklubb blir 11.jan., 1.feb., 1.mars, 12.april, 3.mai og 7.juni. (start kl. 19.00)
Me ynskjer nye og gamle medlemmer velkomne!
Styret v/Sigrunn Lie Brattekås
|
GRUNNKURS I BRIKKEVEV/BANDVEV
Tokke Husflidslag inviterer til helgekurs (20 timar) i brikkevev, 12. – 14.mars (Fredag: 17.00 – 20.00, laurdag/søndag: 09.00 – 16.30). Kurslærar er Sonja Berlin Englund. Kurset kostar kr. 1000,- + materiell.
Bindande påmelding innan 1.mars, til Anne Lise 98040458.
Styret
Kursomtale,
Tokke Husflidslag arrangerer grunnkurs i brikkevev med Sonja Berlin Englund som lærar. Dette er same teknikk som m.a. vert nytta når ein vev dei breie belta til beltestakken. Målet med kurset er at deltakarane skal kunne setje opp og veve eit band etter eigen mønsterkomposisjon. Kurslæraren går også gjennom grunnprinsippa for veving med brikker. Andre tema er mønsterkonstruksjon, val av garn, oppsetjing og veving med 4-holsbrikker, innblikk i historikk og utbreiing av teknikken rundt om i verda.
Det blir mogeleg å kjøpe materialar på kurset, men det er fint om deltakarane har med brikker, garn og event anna utstyr.
|